Om eg berre kunne vore ei av dei
som deler lukke og glede og reinhet
men eg er skitten, skada, rå
eg er ikkje lei for det lengre.
Du veit at eg kan le, så tårene sprutar
så det kling i veggane
du veit at eg kan danse, synge
nikke til framande språk
leve fordi å leve er bra
men eg er også skitten, skada, rå
eg er ikkje lei for det lengre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar