tirsdag 3. desember 2013

Berserk


Du viste meg Berserk Bastards like etter du hadde klaga over at ingen norske band har substans, at alle bra norske band berre er bunnlaus satire eller komiske skråblikk på samfunnet. Eg sa du ikkje hadde peiling, at det finns mange norske musikarar og låtskrivarar med sjel, ei historie å fortelle. Du stod på ditt, men etter vi hadde logge anføtes på soffan i ein time og høyrd igjennom The Deep End av Madrugada var du heilt stille. Du sat deg opp og drog beina mine mot deg til eine hælen nådde haka di, så kyssa du tærne mine, reiste deg og ba meg gå heim.

Kanskje slike som deg ikkje skal analyserast, forstås, gi meining. Kanskje slike som du skal forbli ukjende og farlege. Alle sa det var til det beste at du drog.

Eg trur ikkje det er tilfeldig at den beste låta eg veit heiter Sail Away, nesten det same som låta du viste meg den kvelden. Sailing Away. Eg trur det betyr at du og eg har noko til felles. Eg trur det betyr at begge fell for den delen som handlar om å forlate.

Eg var aldri meire glad i deg enn då du sa du ikkje kunne bli.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar