onsdag 3. desember 2014

Hendene

Eg har ikkje skrive noko på lenge. Kanskje eg er ei av dei, ei av dei som - om eg ikkje har noko negativt å kome med stagnerar det heilt. Sånn reint kreativt sett altså. Eg veit ikkje, men det ligg noko i det. Eg har alltid hatt ei tiltrekking til det melankolske, det litt mørke - no flyt eg rundt i fløyelskyer og kan ikkje hugse korleis bakken kjennes under føta mine. Ei konstant sittring rett under huda og når han tar på meg, kanskje berre ein finger som kjem tilfeldig borti overarmen min, orda strekker liksom ikkje til. Som når det regnar og håret hans. Håret ligg så tett mot huda og eg klarar kun å tenke at det er slik det er, det er dette eg har høyrd så mykje om. Vi røyker for mykje og snur døgna på hovudet og spankulerar gjennom byen i pysjamas det har aldri kjentes betre. Vi dreg til Paris og vi pyntar oss og vi kler av oss og alt er så levande eg kan kjenne at eg pustar. Og hendene. Så varme hender. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar