fredag 29. november 2013

Kamferdrops

Du tygg hjarter like lett som kamferdrops,
knusar dei mellom jekslane dine,
fyller hola i tenna dine med tårer og avsky.
Eg avskyr deg. Avskyr deg.
Du tygg hjarter like lett som kamferdrops.

Er det ikkje nok for deg å stikke kniven gjennom ryggrada mi, knuse knoklane, vri rundt og rundt og rundt til det ikkje er meir å vri rundt i,
til der ikkje er meir bein og det berre surklar og renn i blod, sener og menneskekjøtt.
Eg vil ikkje ha deg sa du, så kyssa du meg
og strauk fingrane gjennom håret mitt
som i ein fuckings romantisk komedie.
Du stabba meg på ny, drog ut augene mine, gjorde meg blind.
Eg kunne lukte det. Eg kunne føle det. Vart nummen,
la meg flat, lot deg tråkke over meg.
Du har knust meg, like lett som kamferdrops.

Kast meg sidelengs ned trappa 
kjør på meg med scooteren din
hakk meg i huet med eit spett.


Vi kan køyre karusell heile natta
og danse tango heile dagen
eg kan bruke klovnenase og du kan ri på hest.

Vi sa jo at vi aldri sku forandre oss. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar