Vi trur vi har så mykje å formidle, så mange historiar å fortelje, men vi er berre kvite middelklassebarn som prøver så godt vi kan å vere noko meir, noko anna enn det vi er. Vi er berre kjøtt.
Musklar og sener og blod.
Skjellet. Bein og armar.
Hår og hud.
Vi er organ, eit maskineri som let oss puste, pulsere, eksistere.
...
"Ein gong eg sku knulle ei fin dame eg møtte på byn kom eg på at dersom vi - menneska altså - ikkje hadde vore øvst på næringskjeda slik vi er men lengre nede kan det hende kanibalisme hadde vore vanleg. Om du kjem langt nok ned er kanibalisme ganske normalt. Fiskar er kanibalar, visste du det? Torsk et torsk. Og gjedda..."
"Tenker du alltid på sånne fucka ting når du har sex?"
"Hysj! Eg er ikkje ferdig! Eg sku knulle ho dama sant, pikken var hard ho var klar men så blei eg ein fisk. Eg blei torsk, eller gjedde. Låra hennar var så saftige, eg såg dei for meg marinerte på grillen ein sumarskveld..."
"Kva er det du prøver å fortelje meg? Tende du på tanken om å ete dama?"
"Nei! Hysj! Eg klarte det ikkje. Det hadde blitt som å knulle ein middagstallerken. Poenget mitt er at eg ikkje forstår korleis kanibale skapningar klarar å reprodusere. ...
Vi er berre kvite middelklassebarn med to hjernehalvdelar. Høgre og venstre. Dei to halvdelane våre styrar forskjellige aktiviterar, men i hjernebjelken blir dei kopla saman ved hjelp av trehundre millionar nerveceller som kvart sekund sender ut millionar av signal mellom dei to hjernehalvdelane.
Vi er berre kjøtt.
Jeg fant deg på grunn av innlegget ditt om Caroline som florerer på twitter. Fint innlegg, jeg vil si meg enig i måten du ser det på. Jeg ble nyskjerrig fordi du ordla deg så godt og nå har jeg lest alle innleggene dine og er imponert! Gleder meg til å følge med på hva du skriver fremover. Dette var bra! Og denne teksten: GENIAL!
SvarSlettOi, tusen takk!
Slett