onsdag 27. november 2013

Nature boy

Svensken sitt vis-à-vis meg på bordet. Baren er full. Det er onsdagskveld og her inne er det som om verda har gløymd at det finns noko anna enn dette. Øl og usakte ord som skrik i takt med hjarta som pumpar blodet ut i kroppen, heilt ut i fingertuppane kan ein kjenne orda ein skulle sagt.
Blikket hans er intenst når han pratar til meg, spør om eg har peiling på Zappa og eg svarar noko idiotisk om at ein kvar person med respekt for seg sjølv kan Zappa. Så kjem eg eg på at eg eigentleg aldri har vore fan av Zappa, om det går ann å ikkje vere fan av Zappa. Alle er vel fan av det Zappa gjorde.
Eg veit at sonen til Zappa ikkje hadde høyrd anna musikk en den far hans hadde laga før han byrja på skulen. At då han fekk høyre pop frå der ute i verda syns han det var keisamt og treigt, men eg kan ikkje hugse sist eg sat meg ned for å høyre på Bongo Fury. Eg syns det er eit slitsomt album. Blir avslørt når han ber meg nevne låta som gjer at eg likar Zappa. Kan ikkje nevne ei einaste låt.

Svensken lurar på kven eg er, kva eg gjer, kva eg likar, og eg seier noko om Nick Cave og igjen er det så forbanna kult å vite kor stor fan eg er så han bed meg nevne favorittalbumet og eg mistar alle ord og alt eg ser er beige og rosa blomar mot blå himmel i midten og eg kjem faen ikkje på kva for blomar det er eingong.
Eg seier noko om at eg ikkje er så opptatt av å følge med på navn og greier rundt musikken for alt som betyr noko er musikken, tonane, klangen og teksten og svensken trur meg ikkje. Han seier eg umogleg kan vere fan av Nick Cave når eg ikkje kan nemne eit album. Nature boy tenker eg. Det er favorittlåta mi, den er på favorittalbumet. Det er beige, med ei rute i midten. Rosa blomar. Blå himmel.

      "Du trur meg ikkje" seier eg.
Han skakkar på hovudet, smalnar blikket.
      "Femti prosent" svarar han.
Eg vil knuse ølglasset mitt i panna hans. Nei. Eg vil kysse han. Eg vil at han skal presse kroppen min mot veggen og kysse meg.
      "Så, vad gör du när du inte lyssnar till Nick Cave?"
Han flirar. Fuck deg tenker eg. Ølglasset mitt er nesten tomt, pisselunkent øl glir dvaskt over tunga.
      "Röker du?"
Vi går uttafor. Eg fortel han om heimstaden min, om å vekse opp og ikkje vite kven ein er, kva ein skal, kven ein ynskjer å vere. Det stressar meg for han er på plass, han veit kven han er, kva han vil, kvar han skal.
       "Ta det lungt, du är bara tjugo år"
Han smilar. Eg vil stumpe sigaretten min i panna hans. Nei.
Eg vil kysse han. Eg vil at han skal presse kroppen min mot veggen og kysse meg.

1 kommentar:

  1. Gjekk kaldt nedover ryggen min. Veit ikkje om han er fiktiv eller ikkje, men eg kjenner den fyren.

    SvarSlett