torsdag 26. desember 2013

Anatomi

Du har ca 1,8 kvardratmeter med hud og ca seks hundre musklar. Skjelletet ditt har to hundre og seks knoklar og over hundre led. Om vi strekker venene, artieria og kapillæra dine utover på ei rad rekk dei heile nitti tusen kilometer. Du har millaradar av nerveceller inni deg. Kvart einaste minutt pumpar seks liter blod gjennom hjarta ditt, det vil seie at ca. tjuefem BILLIONAR raude og runde blodlegemer som kvar er ca 0,007 mm i diameter bevegar seg gjennom den viktigaste muskelen i kroppen din kvart einaste minutt. Blir ikkje hjernen din litt spinnvill av å tenke på det? Hjernen veg forresten i gjennomsnitt eitt tusen tre hundre og femti gram, men eg er overbevist om at din er litt tyngre. Du har så mykje kunskap og du har så mykje mot, det må ta opp litt plass. Eller kanskje motet ditt ligg i hjarta? Kanskje hjarta ditt rommar meir enn vitskapen kan forstå?
Hjarta ditt var alltid litt for tungt for meg å halde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar