søndag 22. desember 2013

Psykologen

Kjærleiken er farleg. Den brenn alle bruer. Aldri falle. Aldri. Eg trur vi hadde det betre før vi visste kva denne lengselen var.

Psykologen spør om eg har prøvd å kontakte deg i det siste og som vanleg svarar eg at eg er for feig. Eg mista min beste venn til ei dame som kunne elske og det er berre eit spørsmål om tid før kulda frys seg fast om arteria og blir verande for alltid. Psykologen spør om eg er klar for å prate.

Eg svarar som vanleg at eg er for feig.

1 kommentar:

  1. jeg beundrer deg Ida. måten du skriver på, måten du er på. du tar ordene ut av munnen min. håper du kommer deg gjennom det, jeg håper jeg kommer meg gjennom det.

    SvarSlett