Det er natt og det surrar og går, surrar og går. Eg tenker på bestefar som alltid lukta mildt av sigarettar og dent. Tenker på den brummande latteren og varmen eg som ni år gamal måtte ta farvel med. Eg tenker på korleis det hadde vore om eg kjende han no som eg er vaksen og kanskje kunne skjøna betre, lest ting mellom linjene då han fortalte om åra på havet. Australia, Afrika, Asia, Amerika. Bestefar såg verda då den enno var stor.
Eg skulle så gjerne visst kva han følte. Bestemor har fortalt om korleis dei møttes. Det var her heime i bygda hans, bygda eg har vokse opp i. Ho har fortalt om korleis ho jobba som taus den sumaren ho sprang på han på hushjørna og at han inviterte henne med på dans. At han reiste ut og at han kom heim og det var framleis henne han ville møte og henne han ville ha med på dans. Ikkje mange åra seinare kom båten han jobba på til kai for ei natt og dei gifta seg i domkirken i Bergen. Det var berre han og ho og presten, og deira to beste vener i heile verda som forloveder. Det er så vakkert at eg må ha ein pause når eg skriv.
Bestefar drog ut igjen dagen etter. Eg veit at bestemor har nokre brev eg ikkje får lese. Det er så vakkert at eg må stoppe litt til.
Som sekstanåring var bestefar førstereisane under andre verdskrig og skipet han var ombord på vart torpedert. Han prata aldri om det. Mamma seier ho ikkje veit stort ho heller. Vi veit ikkje eingong namnet på skipet. Kanskje bestemor veit. Eg tør ikkje spørre. Han hadde levd eit heilt liv før bestemor sprang på han.
Det fins mange buntar med bileter frå rundt om kring i verda i bestemor sitt skap. Eg blir ofte sittande å leite etter dei historiane eg no kanskje er gamal nok til å forstå. Bestefar tok så vakre bileter, dei er så levande. Australia, Afrika, Asia, Amerika. Eg sku så gjerne fått høyre historiane frå han no som eg kan sjå det med eit vakse blikk. Det så mykje eg vil vite.
Bestefar såg verda då den enno var stor,
men kom alltid heimatt til kjærasten sin.
Det er så vakkert at eg må slutte å skrive.
Du skriver så bra Ida! fortsett med dette! :)
SvarSlett