onsdag 8. januar 2014
Galskap
Det er noko med den låta som får meg til å sjå deg for meg. Måten du går på, som om du flyt over bakken. "Hei!" skriv eg til deg, så viskar eg det ut igjen.
Er du ei dritbra periodelåt på radio som blir lytta ihjel etter ei veke eller er du som The Beatles? Er du tidlaus? Er du min Madrugada? Eg trur eg kunne spelt deg utan å bli lei, eg trur eg ynskjer å ha deg på heilaghylla mi saman med det beste eg har lest, det beste eg har sett og lytta til. Eg kjenner deg ikkje. Du er ein framand eg har dansa med, prata med, ledd med. Du er berre eit klårt blikk på berusa sumarsnetter og eg veit ikkje eingong om du verkeleg har sett meg. Likevel trur eg at lyden av deg aldri ville døydd heilt ut, blikket ditt eg møtte første gongen då eg var sytten år spelar framleis på repeat. Kanskje det gjer meg til ein galen, eg veit ikkje, men eg veit at denne typen galskap er vakker.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar