Tilbake på kanten av det eksistensielle dragsuget. Må passe på at eg pustar godt nok inn til at kjensla av å eksistere set seg djupt nok. Vi er innstilte slik at vi pustar på automatikk. Oksygen inn, oksygen ut. Du pustar. Du lever og andar på autopilot heilt til den dagen du stoppar opp og tenker over det. Andetaka vert tyngre, oksygenen sig tregare nedover halsen. Pust med magen seier dei men det går ikkje, aldri på kommando.
Folka rundt meg minnar meg på at dette er tida for å leve, tida for å følge draumane og bli til den eg ynskjer å vere. Danse om nettene og alltid sovne i ein varm armkrok. Jobbe hardt, fortjene belønninga. Det einaste eg kan gjere for å ikkje stagnere er å gå - langt og lenge og aleine. Pusten går ikkje lengre på autopilot, men eg hugsar på det og eg trekker inn når eg må.
Til trass for mine sporadiske anfall av usikkerhet er eg sikker på at eg befinn meg akuratt der eg skal i verda akuratt no. Det er ikkje det at eg stagnerar heilt. Sit ikkje fast, er ikkje tom. Eg er berre rådvill. På ørkenvandring utan kart og kompass. Pustar på kommando ei lita stund. Nokre gongar føles nettopp det betre enn noko anna, berre ikkje akuratt no. Akuratt no sku eg ynskje eg var nokon andre.
Når eg vandrar rundt i frakken min med håret laust føler eg meg som Katrine i Mannen som Elsket Yngve. Ho er vakker. Heilt sinsjukt vakker. Det føles bra å kunne vere som nokon andre. Ikkje så forbanna aleine om å vere meg. Det å vere vakker får meg til å kontakte gamle flammar og freistande menn i håp om at det skal vere noko der som får meg til å puste på autopilot igjen. Berre det å føle seg vakker ikkje sant, ha kontroll, berre litt, ei lita stund. Som Katrine kan eg kysse ein mann og aldri ville kysse han igjen, men mitt eige sinn vil alltid lengte etter meir.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar