søndag 2. februar 2014
Pasifist
"Eg er pasifist" seier eg og det er ingen som tek det på alvor. Det er som om dei ikkje skjønar at eg faktisk meinar det når eg seier at eg aldri skal i militæret og eg aldri skal bære våpen. Som om eg tullar når eg seier at eg ikkje likar vald og at eg av prinsipp ville snudd andre kinnet til om nokon slo meg. "Så.. er det pragmatisk eller prinsipielt" var det ein som spurte meg igår, med eit hånleg smil om munnen som om eg nettopp hadde sagt det eg sa berre for å vere viktig og eigentleg ikkje meina det. "Båe og" svara eg og skjøna at det ikkje var eit godt nok svar for han. Eg babla viare om noko slikt som at dersom ting kan løysast utan vald er det alltid den beste løysinga uansett, eg kunne iallfall ikkje finne nokre smutthol som sa noko anna, sjølv om det så var aller siste utveg i krigs-situajonar ville det sittje langt inne for meg å føle at det var greit, og det var vel der prinsippet mitt kom inn "Eg likar ikkje vald okei, dessutan blir eg kvalm av lukta av blod."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar