søndag 23. februar 2014

Seks fot under

Du seier du forstår kvifor eg er redd men blikket ditt flakkar. Du har aldri mista nokon før, ikkje på den måten at ein del av sjela di har blitt med i dragsuget, begravd seks fot under. Du seier du forstår frykta, men du har aldri måtta stire den i kvitauge. Du seier det er nyskjerrigheta som triggar, at det er spaninga som er freistande - du veit at det er bullshit - det heile bunnar ned til keisemd, eit overveldande behov for å kjenne at du lever. For du lever ikkje lengre, gjer du vel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar