tirsdag 22. april 2014

The queen

Vi brukar ein heil dag på å prate om å leve og korleis eg kan skrive om det på ein verdig måte men når eg kjem heim klarar eg ikkje skrive nokon ting som ikkje omhandlar død.

Eg tenker på the queen, 73 og full i ringar og smykker i gull der han kom trippande mot oss med mange tomme flasker sprit i veska. Kanskje han har rett i at "it helps to be a little tipsy all the time, never drunk, just tipsy!" Han sku kome tilbake og sjå korleis vi er når vi er gamle sa han og peika på himmelen. Var det sjølve einsemden vi møtte i dronninga i dag? Det var det vi enda opp med at eg skal skrive om, at eg skal grave og dyrke og klare å skrive ein tekst om einsemd som er einsemda verdig. Det er ingen som kan benekte at hjernen alltid er aleine, er det vel?

2 kommentarer: