søndag 20. april 2014
Jaktsesong
Ho kan sverge på at beina går fortare framover no, at dagane er lysare, at nettene er varmare, men det er jaktsesong og om ho legg dei bleike fingrane sine om sine eigne små, kvite bryst, kan ho sverge på at hjarta hennar ikkje er der lengre - det veg ingen ting. Pulsen slår kun idet ein ny mann let blikket sitt kvile i hennar, og idet leppene deiras skiljest kan ho nesten hugse korleis det kjennest å vere glad i nokon.
Beina går fortare framover no, dagane er lysare og nettene er varmare og det får henne til å hugse at om ho let nokon få komme verkeleg nær blir det kaldt igjen, det blir det alltid.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar