fredag 2. mai 2014

Frå flaska

Du sa at det du likte med meg var at eg kunne pisse utan samtykke frå venninnene mine (om eg så hadde nokre venninner, det hadde du aldri sett) dessutan såg eg ikkje på meg sjølv i vindauga eg passerte, fiksa ikkje håret i spegelen, kledde på meg og kledde av meg utan å pynte på. Naken er naken og påkledd er påkledd. Du likte at eg aldri fiksa dei raude leppene mine etter å ha drukke vin (frå flaska) og at holete strømper aldri plaga meg. Du likte meg rå og du likte meg naken og du kunne skrike det høgt så ekkoet slo mellom blokkene i gata di. Faen, kven er du - skal eg aldri få møte deg?

1 kommentar:

  1. Fy fader, så fantastisk vakkert. Samma lurer jeg på. Hvor er han?

    SvarSlett