Orda renn mellom knoklane mine og eg høyrer det på pusten min at
eg ikkje er verdig det eg alltid har tenkt at eg kan best og
hjarta mitt slår ikkje i takt
som eit ironisk symbol på den ustabile psyken min har hjarta mitt fysisk skapa ein feil og
breva i posten veg tyngre når ein skal kallast inn til
testing testing testing
ikkje trå feil no Ida, ikkje mist det
Eg prøver å skrive dikt om drittet, men alt eg ser er tre positive ting all over facebookfeeden min. Eg går på jobb og eg går heim og eg skyv ifrå meg alle som prøver å kome nær. Eg skal då faen ikkje døy, eg har det jo heilt fint, så korleis kan hjernen ha bestemt seg for at alle augneblikk aleine skal brukast på å grine over noko eg ikkje veit om er farleg ennå? Eg har ein hjartefeil. Eg veit ikkje heilt kva det er enno, orda gjekk litt over hovudet på meg og alt eg skjøna var at det fins så mange spørsmål og eg har berre fått eitt svar. Hjarta mitt er overaktivt og derav "eldre" enn resten av meg. Det slår for mange slag i minuttet. Lol. Det er jo heilt teit. Fascinasjonen tok overhand då ledningane mot kroppen min viste ein hjarterytme på bærtur, eg tenkte det var kult og artig og sjukt rart, klarte nesten ikkje ligge roleg, som eit lite barn. Då eg kom heim til loftet den dagen grein eg og røyka ein tjuepakkning med lucky.
Eg forstår ikkje verda om dagen. Det er sol og varmt og alle er så forbanna lukkelege og eg berre går rundt og kjenner på pulsen min sjølv om legen sa at eg sansynlegvis kan leve eit godt og heilt normalt liv. Gods I'm such a dramaqueen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar