lørdag 7. juni 2014
Handsome Savior
Dette er ikkje stolte augeblikk. Det er aldri stolte augeblikk. Kvifor gjer du det spør han og eg klarar ikkje svare. Det er aldri stolte augeblikk. Når eg let orda flaume over, når eg let alle sleppe inn, når alle delar av hjernen min, kroppen min, sjela mi blir tømt gjennom dette, dette sorte på det kvite for ein skjerm heile verda kan sjå, tvers igjennom, heile meg, der ute. Kvifor gjer eg det?
Har du ingen å prate med spør han og eg må fokusere for å klare sjå klårt. Ingen å prate med? Kven faen trur du at du er. Eg berre tenker det. Har lyst å skrike det. Det jævla blikket, dei jævla orda, det jævla smilet, slike som han kan aldri forstå at å prate om det er det same som å drukne det. Eg er ikkje klar for å drukne det. Eg skal faen ikkje drukne det. Ikkje før eg kan forstå, ikkje før det kan gi meining at eg har evna til å sovne på nokon sitt bryst og likevel føle meg så forbanna åleine. Ikkje før eg forstår denne tranga til å skrive desse orda til eit folk eg aldri hadde turd å møte med det same blikket som eg har her no, aleine forann heile verda i ein skjerm.
Folk har gått lei av det, denne delen av meg, denne patetiske unnskyldinga for eit poetisk melankolsk liv som fløymer rundt i blodet mitt og eg forstår det så godt. Kjære. Ver så snill. Tenk på smila mine, husk latteren, vitsane, når eg dansar på bordet og hoppar frå tak og syng på konsertar, tenk på badinga om nettene og drakane på bøen, husk det når eg nektar å prate men likevel skriv om det til heile verda. Eg klarar ikkje drukne dette, denne delen av meg som må fortelle gjennom ord eg veit er vonde å lese for dei som vil høyre meg forklare med blikket vend mot deira.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar