lørdag 14. juni 2014

Knulle seg til kjensler

Eg har aldri heilt kunna sette meg inn i det når jenter pratar om gutar som "berre vil ha ein ting". Eg har aldri vore jenta slike gutar ser, aldri vore typen til å la trusene flagre, ingen forpliktelsar, berre for morrskuld - du ser kva eg meinar. Eg har aldri kunna relatert meg til jenter som klagar over at gutane ikkje ser dei som personar men som objekt, for sjølv om eg aldri har hatt flaks i kjærleiken har eg alltid følt at eg har blitt respektert og sett som person av dei gutane eg har hatt i livet mitt, sjølv om det aldri har enda opp i slike romantiske klissete forhold verda der ute fortel meg at eksisterar. Eg har rett og slett hatt trua på mannfolk - heilt til eg gjekk aleine gjennom byen med tankane "kva faen hende no?!" surrande i skallen etter å ha tilbrakt mange fine timar saman med ein tilsynelatande kjekk ung mann på festival.

Dette går ut til alle menn som føler at det berre er rett og rimeleg og faktisk ei sjølvfølge at dersom du har brukt x-antall timar saman med ei jente og ho har hatt det fint, fortener du at ho blir med deg heim og kler av seg. Dette går ut til deg som tenker at damene du har fiksa deg på fest, på byn, på fuckings snapchat kun er tal du kan skryte over til kompisane dine og aldri personar med tankar og meiningar og kjensler. Dette går ut til deg som gir jentene som vel å ikkje bli med deg heim skuldfølelse. Du er ein dritt. Ein real dritt.

Kanskje gjekk det opp for meg for lenge sidan, kanskje til og med for veker sidan, mellom alle snappane og meldingane og spørsmåla og dei korte svara. Eg følte det vel eigentleg ein stad inni meg også mellom klemmane og latteren og kyssa, men eg lot det ligge, lot det gå, for eg hadde møtt ein fyr eg hadde ting til felles med, som eg syns var kjekk og som eg hadde lyst til å lære å kjenne. Ikkje fordi eg ville ha ein å kalle min, men fordi eg syns fyren var jævla kul og det føltes så bra å stå der med hans arm om skuldrane mine.

Eg har fleire enn ein gong opplevd at jenter har sakt til meg at dei ligg med gutar fordi dei "ikkje vil vere luremus" eller fordi dei får dårleg samvittighet om dei skal bruke ein heil kveld på å danse, få drinkar og flørte for så å gå der ifrå og kun gi han eit telefon-nummer. Det er like skremmade, om ikkje meir skremmande, enn det faktum at gutar blir fornærma og sure om jenta ikkje "følger opp" og kastar kleda når baren er stengd og byen ligg død. Eg har aldri kunna relatert meg til det, for korleis kan vel ei jente få dårleg samvit for DET? Ingen ting galt har blitt gjort, å takke ja til ein drink er heilt noko anna enn å takke ja til sex. I mitt hovud var det vertfall det. Heilt til eg gjekk aleine mot taxikøen den natta og følte at eg hadde gjort noko galt.

Det er forvirrande, for meg totalt uventa og litt skremmande fordi eg alltid har hatt mine faste prinsipp, aldri har vore svak for presset - kanskje fordi eg aldri har opplevd før at ein eg har hatt det fint ilag med blir som ein prepubertal fjortis som ikkje får gå på klassefest når eg seier at eg ikkje vil ligge med han. Som gir meg "knoken" som farvell og slettar meg på facebook, som såg meg som eit prosjekt og ikkje eit menneske då eg trudde orda eg høyrde var oppriktige. Eg trudde at armen hans strauk over min fordi han var glad, fordi musikken var bra og været var nydeleg og vi hadde det veldig fint ilag. Dagen var så bra at om eg berre hadde kjend han betre hadde dette hatt eit heilt anna utfall.  

Eg skriv ikkje dette for å henge ut dette eine blindskotet eg gjorde, eg skriv dette fordi alle fiber i kroppen min skrik om at dette er galt. Det er galt at eg faktisk enda opp med å føle at eg hadde gjort noko galt, når alt eg gjorde var å takke nei til å ligge med ein eg på ingen måte kjende godt nok til å kunne kalle ein ven eingong. Det er galt at så mange menn ser på kvinner som objekt som ikkje er verd deira tid om objektet ikkje sprer beina og gir alt, og det er galt at så mange kvinner tek til takke med å bli behandla på den måten.

Vi er trass alt menneske, og om tankane og haldningane og interessene ikkje har verdi for nokon blir vi tomme skall som trur at å knulle seg til kjensler er den einaste vegen å gå. Det er ikkje det. Eg er overbevist om at vegen til å kjenne på lukka er ved å sjå menneska rundt seg, kjenne dei, le med dei og smile med dei og prate. Den lukka varar lengre enn ein orgasme.

14 kommentarer:

  1. Jeg er en gutt, og er helt enig i det du sier! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for at du fins og er gut og er einig for vi treng slike :)

      Slett
  2. Deler same oppleving som deg, og må seie meg fullstendig einig! Bra innlegg! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takktakk! Bedriten oppleving å ha, men vi lærer av det.

      Slett
  3. FANTASTISK skrive, Ida Marie! Heile dette innlegget var berre eit rungande (innvendig) ja!

    ... og tusen takk for kommentar på bloggen som gjorde dagen min! Har sakna å lese deg òg. Og det kjens MYCKET bra, det her :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk June! :D Eg nektar å ta til takke med at sånn er det berre, og håpar det fins fleire rungande ja rundt om kring når dette blir lest!

      Slett
  4. Det er så viktig og så bra når ting som dette blir skrevet om! For du har helt rett, men burde aldri føle seg slem eller at en har gjort noe galt, når en velger å ikke bli med til sengs, enda om du har fått påspandert ting eller om han har brukt mye tid på deg.. Man skal rett og slett aldri få dårlig samvittighet for å ikke ha lyst til å ha sex med noen, når noen forventer dette. Det er deres egne holdninger som er problemet, ikke at jentene ikke velger å spre beina..

    Du er ei bra dame og jeg elsker det du skriver! Stå på <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fin kommentar, eg skal aldri slutte å ytre meiningane mine og kjempe på min måte for det eg ser på som frihet, det kan du vere trygg på <3

      Slett
  5. Okei, jeg klarer faktisk ikke dy meg.. hvorfor skulle han IKKE si takk og farvell når du ikke ble med til sengs? Du skriver du møter han på festival og at det har forekommet fysisk kontakt mellom dere og det er praktisk talt et tegn på billetten hjem er betalt! Gutter går ikke ut for å finne seg en kjæreste. La menn være menn og slutt å sutre, dette lyser bare bitterhet og sjalusi for at han helt sikkert har funnet seg noe bedre enn deg som ikke spilelr så jævelig hard to get. Våkn opp. Personligheten din er ikke så jævla spesiell at du kan bruke den for å skaffe deg alt det du vil ha. Folk har behov.

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du verkeleg verkeleg meinar dette føler eg for å felle ei tåre for deg og alle som sku dele di meining om dette. Og for ordens skuld kan eg fortelle deg at dette ikkje var snakk om ein eg møtte tilfeldig den eine gongen men ein eg faktisk prata med over lengre tid og som visste at eg ville bruke tid på å bli kjend med han for å vite kva type han var før eg "stempla billetten hans". Ja eg kyssa han og ja eg syns han var delig og fin og kul men han visste at eg ikkje ville ligge med han fordi eg ikkje følte eg kjende han godt nok og fuck deg no blei eg faktisk forbanna igjen. Det er ikkje greit å sette opp eit spel for galleriet og late som ein bryr seg om nokon kun for å komme seg i buksene på folk U A N S E T T. Folk har behov ja, men folk har faktisk kjensler også. Eg vil heller vere "hard to get" enn jævla dum og la menn som deg (reknar med du er mann) bruke meg som leikeplass for pikken sin. Takk for meg.

      Slett