tirsdag 8. juli 2014

Jenta som klarte det

Har du slike dagar du også, du som i ein alder av 22 har vore verda rundt og sett livet, følt det på kroppen, du som veit kva du vil, kven du er, korleis du skal møte alle og alt som kjem imot deg? Tenker du at faen for faen i helvete fuckings fuck shit fittesatan faens fåkkings dritt! Gjer du det? Eg håpar nesten at du gjer det, for nokre dagar er det slike som deg som minnar meg på at eg ikkje ynskjer å vere jenta bak kassa på 7/11....eg skulle jo vere jenta som klarte det..

Eg har blitt jenta som ikkje kjem inn i livet ho lengtar etter fordi kreativiteten visar seg å vere bunden, den skal visst ikkje vere fri, den har rammer og eg har tolka det heile feil. Eg er jenta som rotar rundt i den einaste byen ho kjenner og nektar å dra der ifrå for om ho ikkje klarar det heime korleis skal ho liksom klare det der ute?

Eg må til stadighet minne meg sjølv på at lukkeleg ikkje er noko ein er, lukke er ikkje eingong ein tilstand - det er berre eit bluss, eit kort men intenst bluss av varme på innsida som kjølnar og svinn henn over tid, går i dvale til nestegong endorfina sleppest laus. Har du slike bluss kvar einaste dag du? For idag har eg berre tenkt at faen for faen i helvete fuckings fuck shit fittesatan faens fåkkings dritt!

Eg startar nok eit avsnitt med ordet "eg" og det er kanskje ingen som har sagt noko så sant som han som sa til meg at draumane mine var egosentriske. Eg vil skrive noko som kan få deg til å grine, bryte deg ned, få deg til å smile, bli sjenert, hikste av latter, bli kåt - skrive noko som riv og får deg til å tenke at faen for faen i helvete fuckings fuck shit fittesatan faens fåkkings dritt! men alt eg gjer med livet mitt er å selge nattmat og sigarettar til byens vakraste horer på nattestid.

2 kommentarer:

  1. Er det nå jeg skal fortelle deg at du har fått meg til å le så det bruser i balla og gråte som om balla mine ikke er der? Du har det i deg frøkna, det du gjør er genialt.

    SvarSlett
  2. Jeg tror jeg tenker det minst fem ganger om dagen.

    SvarSlett