Eg tenker mykje på vinteren om dagen, lyden av kram snø under føtene. Eg tenker på ullkåpa mi som eg har sydd nye knappar i (burgunderraude med blomar på). Denne vinteren blir min første busett i hjartebyen og den blir utan min beste ven. Tønna skal til London, eg blir her, i vår by. Eg har allereie lagt meg i trening, som om det ikkje fins nokon andre i verda går eg på kino aleine, drikk øl på Garage aleine, dansar aleine, røyker aleine. Eg planlegg korleis eg skal kjøpe meg kakao når eg går heim frå nattevaktene mine i vinter, korleis eg skal krysse torgallmenningen før byen har vakna og snøen enno ikkje har smelta under skoa til menneska som snart skal ut og vere denne byen. Eg kjenner den kalde lufta i nasebora, varmen frå koppen mot fingrane, lyden av kram snø under føtene. Andre folk planlegg studieåret dei snart stupar inn i. "Vil du ha med ein bolle til kaffien for ein femmar?" skal eg seie til ferske studentar på veg mot første dag på universitetet og dei fleste skal smile men svare "neitakk" og nokon takkar ja før dei hastar viare for å gripe fatt i livet. "Du kan få gratis banan som student om du vil!" men det ingen som hugsar at eg står der når timen har begynt. Innan snøen er her har mange av dei etablert seg i eit studentmiljø og om natta er det eg som serverar dei nudlar og pannini, sel paracettar og angrepiller så morgodagens forelesing skal vere overkommeleg og ikkje eit surt oppstøyt av gårsdagens nydelege feil. Det er nesten som om eg ser meg sjølv i profil. Eg har alltid hatt problemer med å sjå meg sjølv i profil, postituren er ugjenkjenneleg og eg kan framleis hugse klumpen som oppstod i halsen då eg såg eit bilete av meg sjølv dansande på ein elevkveld i niandeklasse. Andletet i profil. Hjarta i sokkane. Heilt utan evne til å sjå noko vakkert i monsteret som dansa hemningslaust aleine.
Det hadde vore fint om eg kunne ha avslutta dette innlegget med å skrive at det går greit likevel, hadde det ikkje? Om eg kunne avslutta med å fortelje at av og til så elskar eg jobben min sjølv om den er dårleg betalt og beina mine kjennest ut som tunge sementblokker etter hektiske helgevakter . Hadde det ikkje vore fint om det hadde seg slik at eg på trass av mi sporadiske usikkerheit føler at livet behandlar meg bra? Om eg kunne fortalt at eg har gjort ting i det siste eg aldri hadde trudd eg sku tore å gjere, at eg har gjort det og det har føltes så bra at eg har vakna med eit glis for det har ikkje vore ein draum det har vore på ekte, og eg har vore der og eg har følt det - hadde det fått deg til å smile? For slik er det faktisk. Monsteret dansar heilt utan planar for framtida, men det har aldri vore vakrare.
Sistesetninga. Deg.
SvarSlettLove it.