tirsdag 1. juli 2014
Perlemorskyer
Verda var rosa ikveld og eg kallar det perlemorskyer og veit at det er feil. Du fortalde meg alt om korleis det heile fungerte og i det same eg googlar perlemorskyer for å hugse på kva fargane og krystallane og temperaturane betyr slår det meg at eg har gløymd korleis du smilar. Det er litt som om du er død. Ein gløymer korleis dei døde smilar. Når det berre har gått lang nok tid må ein tenke seg om, bla opp i fotoalbum for å finne tilbake til andleta. Du er ikkje død, du er berre ein annan stad på kloden. Verda er ikkje rosa over alt så kanskje du ikkje hugsar på at du har gløymd smilet mitt. Eg trudde alltid vi sku bli like store og at vi sku bli det samtidig og eg skjøna ikkje at alle draumane var inni meg og at den einaste som kunne relatere seg til dei var deg. Du lever draumen min og eg kallar ein rosa himmel fri for skyer for perlemorskyer.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Du skriver så uendelig vakkert! Jeg kunne ha lest tekstene dine i evigheter uten å gå lei
SvarSlettoi. bare oi. noen ganger er noe så vakkert at man bare kan uttrykke det i korte, raske lyder. så oi.
SvarSlett