tirsdag 9. september 2014

Doktor Doktor

Så var det dette med å eksistere igjen. Dette med å kjenne huda strame seg om knokane når ein knyter nevane. Dette med tennene som gnissar mot tunga. Dette med augo som sakte stenger lyset ute. Det seiest at slike som meg er sjuke. Sjuke med p. Psjuke. Det har flippa for oss. Galskap er å føle. Galskap er å grine når nokon døyr.

Doktor Doktor gi meg medisin. Doktor Doktor eg må ha medisin. Eg ler høgt når eg ser film aleine og eg har grine på bussen. Doktor. Doktor gi meg medisin. Eg vart hul inni meg då venen min døyde. Eg slo hovudet mot veggen for å føle noko fyrste gongen hjarta mitt vart stelt. Doktor Doktor. Doktor. Galskap er å grine når nokon døyr.

Det står i avisa så det må vere sant. Dei sa det på tv og tårene rant. Galskap er å skrive på rim, dei gale treng medisin. Aldri kimse av psyken sa dei men eg kasta hovudet bakover og glisa. Psyken angår ikkje oss - ikkje vi som grip om livet med fingertuppane. 
Doktor Doktor er det noko galt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar