fredag 13. mars 2015

Then magnificently we will float Into the mystic

For du kan sette på Van Morrison og la meg lytte til hjarteslaga dine den eine kvelden og danse villmann til nittitalets skitnaste technolåtar den neste. Så levande at eg ikkje lengre må hugse på å puste inn. Du lyttar til orda mine når eg skriv dei, når eg seier dei, når eg syng dei - og det får meg til å føle meg så vakker. Best av alt kan vi vere stygge saman, herregud så stygge samman - for verda suger, ja den suger så jævla hardt, og med deg er det lov å grine.

Du og eg. Det kjennest så riktig, så overveldande viktig. Som om alt anna er kullisser i ei verd som er vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar