Kvifor er hjarto våre så små? Kvifor verkar den norske sjela så kald,
sjølvinnsikta så snever, sympatien så fjern? Korleis kan det ha seg at vår
tryggleik føler seg truga av at andre ropar om hjelp?
Det var diverre ein veldig smart mann som sa at det er lettare å sprenge
eit atom enn ein fordom, men det skadar vel ikkje å prøve. Den siste tida har
eg prata med folk som har måtte halde seg unna alt av kommentarfelt i
nettaviser - ei blanding av å føle seg dirrekte uvel og det faktum at haka
faktisk ikkje har hunge heilt der den skal når ein les har fått dei til å
lukke augo. Vil ikkje sjå det, vil ikkje vite at det fins menneske som openlyst meiner
det er ei større skam å strekke ut ei hand som har kapasitet til å hjelpe, enn
det er å stå bevisst og sjå på at hopetal av mennesker druknar.
Å lukke augo er aldri eit godt alternativ. Å lukke augo for haldningar
som får det til å krype kaldt oppover ryggrada vil aldri opne dei augo som
ikkje ser håplaushet og naud sjølv når den skrik imot oss kvar einaste dag.
La oss prate om Middelhavet. La oss prate om haldningane våre. La oss
prate om dei som seier at ”Vi burde hjelpe dem der de er istedefor å slippe dem
inn her så de kan ta jobbene våres” og ”Vi kan ikke hjelpe alle uansett.” La
oss prate om kvifor eit folk som har tilhørighet ikkje unnar andre det same.
Eg vil ikkje sitere dei som skreiv at døden passar flyktningane best.
Ein kan fort tenke at kommentarar på nettet er ein filleting - at slike umenneskelege
haldningar som fins der ute ikkje er noko å bry seg med fordi ”det er jo trass
alt berre enkeltmenneske sine eigne syn på ting” - det er ein skummel tanke.
Det
er inga hemmelegheit at det som bygger opp ei kvar handling i eit samfunn er
haldningar. Med dei haldningane som kjem til overflata kvar gong ordet ”flyktning” blir
nemnd i dette flotte landet, er det ikkje så rart at når vi på alle måtar burde
hjelpe så godt vi kan, gjer vi berre bitte litt - eller enno verre ingen ting.
Kommentarane som har florert på nett er skrive av norske stolte menn, som
regelrett ynskjer born som vaksne i døden. Det er ikkje noko vi burde gløyme når vi
klikkar vidare til neste sak. Vi burde bli sinte. Vi burde sei noko på det. For det er ingen filleting og det er ingen bagatell at rasismen så tydeleg lever, når så få ser ut til å reagere på det.
Vi må prate om Middelhavet. Vi må diskutere haldningane våre. La
oss gi det vi har av hjarterom og kaste ut det vi har av livbøyer til dei som treng det om det så berre
er i form av haldningar og ord – for ord er det mektigaste vi har.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar