tirsdag 6. oktober 2015

Skrivesperre

Berre det å vere nær nokon. Og han anar ikkje kor mange år det tok meg å lære kroppen å slappe av i ein klem. Og han anar ikkje at alt den rare stive vaklande haldninga mi treng er nettopp det. Å slappe av. Berre det å vere nær nokon. Pensum veg tusen tonn i sekken og det er så mykje enklare å sette seg på runde krakkar i lysdimma rom med henda om eit dugglagd glas. Eg trur eg diktar opp ord som ikkje eksisterar. Det er så mykje enklare å vere anonym på denne måten. Har ikkje lese dikta høgt på fire månader - kvifor skrive ein roman når eg kan fortelle det med åtte ord? Av og til tenker eg at dersom eg var Miss fashionista ville folk likt meg betre. Av og til tenker eg at dersom eg var Miss fashionista ville folk leita etter blikket mitt - lese orda mine. Korleis formidle at einsemda ikkje handlar om å vere aleine, korleis forklare at den er størst når vi er saman. Korleis bryte ut og vere galen for det er sunt å vere galen eg er overbevist dei gale har det best. Dei som tør å føle og ikkje berre i fingertuppane. Slepp meg fri og eg tenker på nitten nittini og blå joggebukser, kanoar som kvelvar. Knyttneven kom frå høgresida du hadde ikkje sjangs og plutseleg låg du berre der i handflata mi så makteslaus og liten og det går ikkje bort. Då vi var små klatra du alltid høgast i trea. Fryktlaus. Ingen kunne springe frå deg og vi tok deg aldri igjen. Så mange tankar om å straffe, make it even. Du må løpe fort no, fortare enn ever og never come back. Fåkk. Fan. FAN FAN FAN. Du likar ikkje Thäström. Du syns nok eg er ein pretensiøs føkk. Ingen stiller spørsmål og ingen gir svar, alle går i sirklar og ingen føler seg klar. Tenk så ofte vi lyger. "La oss sett oss ned å lyg litt for hverandre" sa reservemamman vår. Reservemama for førti veksande mennesker. Eg ville gjort det igjen og igjen. La meg gjere det igjen. Det hender at eg saknar det vesle rommet og dei vakre forkludra menneska så mykje at eg ler. Korleis kan du vite om eg meinar dette? Du trudde du visste kva det handla om det var: å puste vere vaken kjenne skoa trykke mot tærne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar