fredag 2. oktober 2015

Notatboka pt 1

02.09.15
dette har eg lært
ingen blir verande om du ikkje spør fint
ver så snill

dette har eg lært
at eg har vener i london, berlin, singapore, sydney, paris
som har det like fuckings misserabelt som oss

06.09.15
og einsemda er blikket ditt
som aldri føl meg når eg går

07.09.15
FAEN ALTSÅ!

11.09.15
eg møtte ein nestenkjendis
han sa
denne byen sugar, u wanna get high?
eg sa
neitakk

20.09.15
av og til
saknar eg mora til eksen
meir enn hendene hans

23.09.15
det kunne vore verre.
det kunne vore han som berre ville knulle
og lytte til The Wombats

26.09.15
føler meg like lost som då eg var fjorten
og forelska meg i ein
som nekta å bruke nynorskbøkene på skulen

28.09.15
jævla månen


30.09.15
Ho som satt på barneskuletaket og smugrøyka med meg
har poppa ut ein bitte liten kar frå kroppen sin
Pust.
Kall meg tante Ida. Diggar knøttet allerede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar