Oh take this longing from my tongue,
all the useless things my hands have done,
untie for me your hired blue gown,
like you would do for one that you love.
Ser meg sjølv reise meg frå senga, kle meg i kjappe trekk og gå ut, som ein framand for den som låg ved sida mi, for den som låg der igjen og igjen og aldri gjekk andre vegen sjølv om blikket mitt flakka. Ser meg sjølv snakke i gåter og kneppe knappane fortare og fortare igjen med usikre klønete fingrar. Og pakkene med Marlboro vart tomme på ein dag.
Ser meg sjølv gå gatelangs aleine - det ser så naturleg ut med headsettet på og henda i lommene. Det blir vanskeleg å sjå meg småspringe ved sida av nokon, gripe etter hender, løfte hovudet for kyss. Stega mine så bastante, konsise, som om eg veit kvar eg skal og at eg taklar det aleine. Alltid blikket rett fram.
Og blikka eg møter. Eg er så redd dei ser det same som eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar