tirsdag 10. november 2015

Sweet baby jesus

Det vanskelege er å finne igjen seg sjølv, ikkje sant. Det er det som tek tid. Hugse korleis ein funka aleine. Korleis ein er eit eige individ - for eg tek framleis meg sjølv i å gjere ting som vi gjorde, gjere dei aleine og stå der og tenke at faen, dette sku du sett du hadde digga det. Det er ikkje det at eg saknar deg. Ikkje slik. Men det hender framleis at eg vil skrive det til deg eller ringe deg eller berre skrike det ut så alle kan høyre det at sweet baby jesus vi hadde det! Vi hadde det! Åh. Vi hadde verdiane og humoren og lengselen etter livet. Vi hadde det same brennade sinne inni oss og den same kjærleiken for gatelyktene i gata vår. No må eg hugse på at eg hadde dette før også. Gatelyktene heng her enno. Dei svaiar i vinden og lyser inn gjennom persiennene på soverommet vårt mitt. Det har vore andre der no. Eg kjem til å klare meg heilt fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar