onsdag 6. juni 2018

Livet er jo slik, det har ein "best før-dato" og ein absolutt siste forbruksdag. Eg sverger på at tida går saktare idag, at alt som skjer, skjer i sakte film, som om verda insisterer på at eg må sjå den, at eg må hugse den, ta den inn og kjenne på den, føle den i heile meg.

Eg hugser den. Verda. Jeg hugser den så godt.Verda var mindre før, og mange gonger bestod den berre av det raude huset nederst i bakken og det kvite huset på toppen av bakken. Vi kunne løpe dit på under eitt minutt, frå bunnen av bakken til toppen av bakken. Vi løp dit då vi var fire år, då vi var ni år, femten år, og tjuteo og tre og fire år - eg kunne løpt dit for resten av mitt liv, skulle gjerne det.

Og eg hugser lukta, lukta av det kvite huset og gangen og alle jakkane. Og eg hugser korleis eg som barn kunne sjå toppen av hovudet til bestemor i den runde spegelen i gangen men ikkje mitt eige, og korleis eg med åra vaks inn i spegelen og kunne sjå oss begge to samstundes.

Som barn var bestemor noko mjukt for meg. Eit mjukt fang å sitte i, mjuke øyreflipper å kose på. Vare hender som blanda oboy og serverte skiver med brunost og sirup under. Ei varm og raus stemme som pakka meg inn i det luftige kreppsengetøyet og kjære gud eg har det godt, takk for alt som eg har fått.

Som vaksen vart bestemor noko sterkt for meg. Eit liv med erfaringer og val. Sjølvstende og styrke. Ei bestemt men tålmodig kvinne, framleis så mjuk og varsom.

Og bestemor vil alltid vere hagearbeid og pauser med heimelaga ripsbærsaft og bær med vaniljesaus som nytes på skuggesida av huset. Og morgoner kor frukosten står klar på bordet når eg kjem ned frå lemmen med søvnige auge. Dagar kor vi stuper inn i boksar fylde med bilete frå eit heilt levd liv, alle menneska ho kjenner og alle tinga ho har sett og gjort, vi kunne halde på i timesvis. Ettermiddagar med broderier og oppvasken som står så vi kan prate litt til før ho vasker opp og eg tørker.  Og kvelder som plutseleg har blitt seine etter Hotel Cæsar og altfor høgt volum på tv-en, semulegrynsgraut til kvelds og bestemors - som på film - historier om å vekse opp under krigen eller om korleis ho møtte den store kjærleiken i bestefar.

Bestemor vil alltid vere kjærleik.

Kvile godt no Besto mi.