Å treffe blikket ditt idet ein mistar trua på at det skal finnast ein jævla poet som veit korleis det kjennes. Å treffe blikket ditt. Berre du kunne funne dei riktige orda for korleis denne tjuge år gamle jentekroppen kjenner huda sittre i nakken av ein gamalmanns ord. Berre du. Vi har dansa gjennom døden og vi har dansa gjennom kjærleiken og fråværet av den. Saman. Frå kvar vår kant på kloden. Frå kvar vår epoke i livet. Vi har vore saman om dette som vert kalla livet. Orda dine. Orda dine. Leonard min Leonard, eg gratulerar med dagen. 80 levande år. Måtte du leve for alltid.
Orda hans er heilt insane. Den mannen <3
SvarSlett