Eg pakkar sakene mine ned i kassar på Loftet og pakkar dei ut igjen i det einaste brune huset i den nye gata mi i Sandviken. Blanke ark og nye ting og slikt. Denne gongen er det mannehender som har kjent på kroppen min som skrur saman hyller, og ei stemme som har vist meg spekter av kjensler eg ikkje eingong visste eksisterte som held meg med selskap. Eg har søkt på alle tenkelege fag på UiB og to, tre greier på HiB i år - framleis heilt utan å vite kva eg faktisk vil, men forandringar - det kjennest riktig. Og det er så lenge sidan fingrane mine har rørt ved tastaturet på denne måten. Tida går så fort og eg merkar ikkje at alt glir forbi før gamle kjente pirkar meg på ryggen og spør om eg er heime. Bloggen har liksom døydd ut medan eg har drive på med andre ting. I 12. utgåva av diktfanzina Forsvinningspunkt er eg ein av poetane, og eg har byrja å skrive på oppvekstromanen min om Hammern igjen, så orda er ikkje borte, dei har berre ikkje vore akuratt her.
Fins det folk som bloggar enno eigentleg? Eg veit ikkje, det betyr ikkje så mykje - eg er uansett tilbake.
Fins det folk som bloggar enno eigentleg? Eg veit ikkje, det betyr ikkje så mykje - eg er uansett tilbake.
Det er godt å ha deg tilbake!
SvarSlett