tirsdag 7. juli 2015

Charterferie

Lenar hovudet bakover og kroppen flyt mot overflata, let alt av lyd drukne i havet. Eg kan ligge slik i fleire minuttar, kanskje timar om eg ville det. Berre drive rundt på havet. Tenke ingenting. Vere ingenting. Eg drikk meg ikkje drita på kveldane og syng ikkje karaoke eller dansar magedans på hotellshow. Flyg ikkje paraglider, betaler ikkje for bananbåt eller dykkekurs eller fiskefotmasasjar heller. Eg ligg på rygg i havet og tenker ingenting.

Eg spurte kor lenge kjærleiksorg varer og det var ein som sa at det aldri går over. Det berre blir overkommeleg å leve med. Og så, med tida, treff ein nokon som ein lærer å elske på ein annan måte. Om eg var som han ville eg kanskje ikkje evne å flyte, tenke ingenting. Om det aldri går over ville eg kanskje lena hovudet framover istaden og aldri gispa etter oksygen først. Det går aldri over?

Eg lagar smilefjes i lunsjen min og symjer så langt ut eg kan, snur når eg blir så sliten at eg må lene hovudet bakover og la kroppen flyte til overflata, la alt av lyd drukne i havet. Det har lagt seg eit dryss av frekner over nasa mi og huda mi er gyllen. Eg smiler, med vinden mot ansiktet og jarnstanger i hjarta. Eg smiler.
Havet går i bølger over magen min, brystet. Eg har lese altfor mange bøker om havet. Havet, døden og kjærleiken. Om å bli slukt og ikkje kome seg til land.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar