Pizza to dagar på rad. Levert på døra. Glasa frå fredagens fest står framleis i oppvaskkummen. Raudvinsflekkar og den seige sødmen av jäger. Eg skal plutseleg bli noko, prøve vertfall, og om det går skal eg ha ansvar for små mennesker som synes verda er uendeleg mykje større enn denne leiligheta og desse veggane. Eg overbeviser meg sjølv kvar einaste dag om at alt er ok. Igår sa eg det høgt i spegelen. Noko om å vere verdiful og elske seg sjølv. Som eit lite barn kjenner eg frykta mellom hjarteslaga, inni brystet, i knea når eg spring gjennom gatene i mørkret og innser at det på ingen måte er mørkret eg er redd. Det er lampane inne i dette huset på desse veggane i dette livet som viser alle ureinhetar og sprekker i golvet. Og eg fell, fortare og fortare mot dette noko som eg ikkje veit kva er, som ikkje er mørkret men som skremmer meg meir og meir jo nærare eg kjem.
Alt er ok, kvifor smiler eg ikkje?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar