Kanskje er vi ein eigen art. Slike som eg og du som aldri sover aldri sover. Som kjenner huda briste i det blikket deira flakkar, idet alt vi ser er ryggar som går ryggar som går. Det hender at eg er stolt over det.
Fire gongar har du ringt meg dei siste fira åra. Eg sku passe på rusen din. Den bak brystkassa. Den langs neglrota. Den under haka. Fire gongar.
Ein dag skal eg gå gatelangs i byen du blei født. Hundreogåttifirecmlang. Syttiåttekilo. Kroppen din hadde allereie pusta i over tjuge år. Eg berre tippar. Trekker pusten.
Skal nokon slå meg ned snart?
Eg mista jomfrudommen på silkelaken og det er ikkje kødd.
Dei viktigaste orda vore ligg alltid mellom fingrane, under blekket under blekket. Eg har stått saman med ei raudhåra jente i skogen og skrike, ula, hyla. Howlin - det kling betre.
Trur du nokon ser oss om vi kler oss nakne?
Den einaste mannen som har elska meg gav meg brannsår på knea.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar