Klokka er 22:51 det er laurdag og eg er fersk student i ein by med puls. Det regnar ute og eg tenker at eg må kjøpe mjølk. Ta på meg støvlar og regnjakke og kjøpe mjølk på den døgnopne kiosken nede i svingen. Over skapdørene heng det kvite sengetøyet på tørk. Det er tre månader sidan no men eg har ikkje brukt sengetøyet etter han drog, har ikkje vaska det har ikkje tenkt på det eg slengte det under senga og tenkte ute av syne ute av sinn. Tre månader seinare dreg eg det fram og går ned i kjellaren, vaskar det på nitti grader berre fordi. Huseigaren har lova tørketrommel men eg må henge det over skapet på tørk. Eg kjem ikkje til å sei noko. Eg seier aldri noko.
Klokka er 22:56 og i nabohuset er det fest. Dei ler uttafor vindauga på soverommet mitt og det luktar hasj det får meg til å tenke på ein gamal ven av meg som snakka fort og tenkte klart og nesten blei påkøyrd av ein buss. Han snakkar ikkje fort lengre og tør kun tenke når han røyker hasj og fy faen så t r e i g t han beveger seg vi er ikkje vener meire.
Klokka er 23:00 og eg har teke på meg gensaren min. Ute regnar det og naboane står under taket mitt og røyker hasj og alt eg vil ha er mjølk og kvite laken som ikkje minnar meg på kor einsam eg er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar