torsdag 10. september 2015

Meyermarken

å vere født slik bygd for å ligge der som eit mellodramatisk troll midt i meyermarken og graset er vått du er allereie sjuk det blir ikkje betre av dette eller blir det er det dette som må til for å føle og hugse at det er ingen hender der no ingen som ser på deg og minner deg på at du er ein av dei eit lite barn som alltid skal ha leiken midt i haugen den ingen kan sjå og ingen får tak i men du skal ha den du skal ha akuratt den om det så betyr at alt rundt vil rase

å vere født slik bygd for å ligge der som eit melankolsk vrak midt i meyermarken og forstå at det ikkje lengre handlar om å ville eller drøyme eller om å ynskje men at du faktisk må det er noko du må må må må må må må må og det finnes ingen veg utanom utan å selge sjela si

å vere født slik bygd for å konstant søke bekrefting men alltid feige ut når du får det

fins det berre ni minuttar av sanning i deg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar