Eg skal vere vaken i natt. Ta med meg eit pledd og videgal, sette meg på kanten av byen, og gløyme at du ikkje fins meir. Gløyme at du ikkje sit der med meg og nøye forklarar kva som hender der oppe, langt der borte. Og eg skal gløyme at du ikkje pratar om det med den intensiteten eg saknar slik - med det fjerne men dog alltid vakne blikket. Kroppen din er der ute, i ein eller annan by ein eller annan stad, kanskje til og med i denne byen. Eg har ikkje sett dei seige stega i gatene - det siste vi høyrde var Aarhus men det er for lenge sidan. Kroppen din blir aldri så lenge på ein stad.
Supermåne! ville du sakt. Supermånen ser vi fordi vi har fullmåne, og månen er plassert i området nærast jorda, difor ser den større
ut.
Blikket låst mot himmelen i det du ville kviskra at total måneformørkelse kjem av at sola, jorda og månen
ligg på linje - månen i skuggen av jorda - slik at det
meste av sollyset ikkje når måneoverflata.
MEN! hadde du sakt og snudd deg ivirg mot meg. Måneskiva blir ikkje helt mørklagt!! Noko av lyset frå sola vil passere jordatmosfæren i ei bue
og reflekterast fra månen. Og det er her det blir vakkert. Ser du fargane? Det grå det
brunaktige det oransje det djupe raude.
Blodmånen hadde du sakt. Ser du så vakker blodmånen er?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar